Sunday, November 06, 2005

Hakekors, heimreise og ein nest siste post

Overalt i sør-India ser ein hakekors. På veggar, på dørkarmane, på lastebilane. Det er berre det at dei ikkje er hakekors; dei er solkors. Eit sør-asiatisk symbol som har eksistert i mange hundreår før Tyskland som land var påtenkt i det heile tatt. Solkorset var ein måte å teikne sola på før ein hadde reiskap til å teikne heilt runde sirklar. Ein teikna "hakekorset" og så sirkelen rundt. Til slutt vart berre sjølve solkorset att, og brukt akkurat som ein hestesko over døråpninga, for å bringe lykke over huset og alle som besøkte det.

At eit slik symbol har blitt så og sei einsbetydande med nazismen er synd, og eg syns det er bra at indarane har holdt på sin meining med symbolet. Når alt kjem til alt, så er det jo deira symbol, ikkje Hitlers.

Når eg i sommar fekk mi andre tatovering, måtte eg også tenkje meg om. I 5 år gjekk eg rundt og tenkte på å få den norrøne bokstaven for J - Jera tatovert på armen. Men eg var, sidan alt norrønt no har til ein viss grad blitt assosiert med satanisme og nynazisme, redd for at det skulle bli oppfatta feil. Men så tenkte eg på solkorset. Om ikkje indarane hadde fortsatt å bruke solkorset med si originale meining, så hadde Hitler vunne. Han hadde for alltid blitt hugsa for nazismen, og dets symbol: hakekorset. At solkorset skal få tilbake si opprinnelige meining i Europa er kanskje drømmetenkning, men eg håpar inderlig at det ein gong i framtida vil igjen bli eit symbol på lykke, og ikkje grusomheiter.

Den norrøne bokstaven Jera - J, står for god avling og god innhøsting. Det står også for fruktbarheit og godt arbeid, at ein skal høste fruktene av godt arbeid fram i tid. Som med solkorset så håpar eg at runebokstavane kan få behalde si opprinnelige meining, og ikkje bli symbol for nynazisme og det som verre er. Derfor valgte eg å ta tatoveringa. For om ingen brukar symbola på den måten som dei opprinnelig var brukt, så vil dei som brukar dei til å spre sinne og ondskap få kontroll over dei. Eg bryr meg ikkje om at nokon kanskje vil tru at eg er satanist eller nynazist når dei ser tatoveringa, om dei virkelig trur det, så får dei ta kontakt med meg, så skal eg heller fortelje dei kva symbolet egentlig betyr. At det er ei kjærleiksrune, og har ikkje noko med nazisme, onde makter eller satanisme å gjere.

No er eg inne i den siste veka mi i Pondicherry. Dei fleste andre er reist heim igjen, og det regnar nesten konstant og det er fuktig i lufta. Eg har fått meg flybillett heim kommande fredag, og kjem vel heim igjen til Førde litt over 11 om kvelden fredag. Tida her nede har gått fort, og eg er glad for at eg har muligheita til å komme ned igjen her neste år under feltarbeidet mitt. Dette blir kanskje siste posten min her, om eg ikkje skriv ein til når eg kjem heim igjen, vi får sjå. Uansett håpar eg at det har vore artig å lese det eg har skreve:)

Joakim

1 Comments:

Blogger markprehiem5882912147 said...

I read over your blog, and i found it inquisitive, you may find My Blog interesting. So please Click Here To Read My Blog

http://pennystockinvestment.blogspot.com

2:59 PM  

Post a Comment

<< Home