Litt om reisa+et par bilder
Ein søndag kveld sette eg meg på nattbussen til Madurai og kom fram i halv 5 tida på morgonen, ein dag forsinka, men blei likevel møtt av ein representant frå People Watch Tamil Nadu, menneskerettighetsorganisasjonen eg hadde vore i kontakt med på førehand. Ein dags forsinkelse her nede tilsvara vel det å komme ein time for seint til ein avtale i Noreg. Slett ikkje uvanleg.
I Chockikulam utanfor sjølve Madurai blei eg innkvartert hos nokre andre utanlandske internships som jobba enten ved People Watch senteret, eller med andre prosjekt med tilknytning til dei. Sabine frå Tyskland, Dave frå England, Tim frå Australia og Gayathri frå USA. Dei tok alle godt imot meg og eg fekk høyre mykje spennande om prosjekta dei holdt på med, alt frå vurdering av hjelpearbeidet etter Tsunamien til eit HIV/AIDS Awarement program som no skal lanserast i store delar av India, ettersom India seglar opp til å bli det landet med nest høgast antall HIV-smitta i verda, kun slått av Afrika.
Hjå People Watch fekk eg snakke med mange som jobba med rettighetane til Dalitane, lavkastane, mange av dei var på eit 10 vekers internship program for å bli lært opp i korleis ein leverer klagemeldingar på politiet (som ofte ikkje tar tak i episodar der lavkastemenneske blir fysisk misbrukt, jaga vekk eller rett og slett drept), dei fekk opplæring i korleis rettsystemet og lovene forholde seg til Dalitane, og mange andre ting som gjer dei i stand til å organisere seg betre i dei statane dei kjem frå. Prosjektet begynte i Tamil Nadu, men dekkjer no 15 statar.
Eg besøkte også Sree Menakshi tempelet i Madurai, som er eit av Indias mest kjende. Og stort. Sjølve heilagdomen i tempelet er stengt av for ikkje-hinduar, men det var nok å sjå likevel, spesielt ein enorm hall med (seies det) 1000 søyler til saman. På grunn av Navarathi-festivalen var tempelet smekkfullt med folk, men det var likevel overkommeleg, og ein utrulig fin opplevelse.
Etter ei veke i Madurai ved dette senteret, så tok eg bussen til Kodaikanal tidlig fredag morgon. Etter eit par timar køyring mot fjella, begynte den sakte stigninga opp mot den gamle amerikanske fjellstasjonen 2190 meter over havet. Utsikten var spektakulær på veg opp, men dessverre har videokameraet mitt begynt å fuske ein smule, så det blei uheldigvis ikkje filma så mykje på veg opp. Samt sat eg på feil side av bussen, selfølgelig. Men nokre bilete fekk eg no tatt.
Kodaikanal er ein liten by, ca 12 000 innbyggarar, og er eit populært reisemål både for turistar utanfrå, og for indarar generelt. Mange reiser hit på bryllaupsreise for å oppleve den flotte naturen (som nesten liknar litt på Noreg), få fri frå den intense heten i lavlandet (temperaturen om natta når heilt ned til 4-5 grader om vinteren). For første gang opplevde eg å sjå frostrøyk når eg gjekk ute om kvelden, indarane gjekk med boblejakke og hue, og det kunne begynne å regne kor tid som helst. Noko det også gjorde. Eg fekk ein mistanke når eg såg at alle indarane gjekk rundt med paraply. Det ser ein ikkje andre stader i Sør-India iallefall.
Dagane i Kodaikanal gjekk med til å slappe av, gå på fjellturar, ta sightseeingar og snakke med ulike andre turistar eg møtte her og der som også var på rundreise i Sør-India, etter å ha reist rundt i nord. På grunn av den behagelige temperaturen og ein ekstra fjelltur, så blei opphaldet utvida, og først på mandag kom eg meg avgårde til Trichy, ein middels stor by som ikkje er noko særleg meir enn eit trafikk-knutepunkt for buss og tog i Sør-India. Tirsdag morgon sette eg meg på bussen tilbake til Pondy. Utruleg kor sliten ein blir av å reise rundt, om det berre er i 10 dagar, noko som har tæra litt på reiselysta mi, og eg vurderer no å droppe ein stressandes tur i Nord-India til fordel for å slappe av ei veke her i Pondy og skrive ferdig semesteroppgåva mi, for så å reise heim litt tidligare enn planlagt.
Denne gongen er eg her også for andre gong, og det fristar å få gjort ein del ting som eg ikkje fekk gjort sist gang eg var her, som å få sydd seg ein par dressar, som eg no har fått gjort, og skal hentast i morgon. Eg og Ulf som eg bur med har fått sydd oss kvar vår kvite dress, komplett med kvit vest, svart skjorte og slips, samt ein svart dress med lyse striper, den og med skjorte, alt håndsydd, alt saman til den nette pris av 11 000 rupi, eller rundt 1670 kr.
Ellers går no dagane med til å skrive på semesteroppgåva, gå på stranda, den obligatoriske brunfargen må jo på plass (les: tskjorte-skillet må vekk), og ellers tuslar vi no rundt i byen og ser på litt forskjellig.
Ja, og nedanfor er det et par bilder, tar så lang tid å laste dei opp, at dette for holde for denne gong.
Joakim

0 Comments:
Post a Comment
<< Home