Tuesday, September 13, 2005

Kvar mann sin mage

Jess, då har vel heile studentgruppa (inkludert meg sjøl) vore gjennom den obligatoriske magesjauen. Så ferdig med det.

Helga har vi tilbrakt i Mamallapuram, der vi besøkte eit av dei siste stammesamfunna i India, the Irulas (slangefangarane/temmarane), budde på Hotel Seabreeze, blei plaga av utallige steinselgara, såg the famous Shore Temple, og ellers låg sjuk i senga. Og ja, denne gongen reiste vi også til Crocodile Bank, der eg fekk halde ein babykrokodille på ca 1,5 meter. Artig.

Sjuk i magen ja. Det KAN hende det hadde noko med at vi på torsdagen hadde oss en safari ut i jungelen og drakk gjæra kokosnøttpalmesaft (naturlig alkohol so to speak), og så åt vi krabbe. Fremdeles ute i jungelen. Ein kan ikkje sei at det var heilt sanitært, men moro lell.

Ellers er det begynt å florere obligatoriske oppgåver og innleveringar til dei fleste bortsett frå meg (sidan eg berre tar ett fag), så eg har god tid til å lese det eg skal og også gjere ferdig sommarjobben min, som eg har planlagt skal publiserast før Jul ein gong. Ein prøver å nytte dagane så godt en kan, for når kvelden kjem så sig trøttheita fort innpå etter ein lang dag i sola/skyggen (begge delar er nesten like varmt).

Resten av tida sit eg helst og funderar på feltarbeidet mitt. Eg har allereie fått invitasjon til både Madurai og Bangalore for å møte NGO's som gjerne vil hjelpe meg med å gjennomføre eit feltarbeid med Dalitane som fokus. Det begynne å teikne seg eit bilete av neste års opphald her. Og eg trur verkeleg det var ei rett avgjerdsle å komme ned att hit før eg tar til på sjølve masterstudiet. Forspranget er større enn ein trur. Nettverk. Tolk. Informasjon. Vener ikkje minst. Har ein pengar og vener i India så er alt mogleg.

Eg har forresten begynt å lære meg Tamil, og tar privattimar kvar mandag. Det går ikkje så fort, men mykje fortare enn eg hadde trudd faktisk, enda ein fordel før feltarbeidet. Og så er det moro å sjå reaksjonen på Indarane når du bemerka at dei snakka om deg bak ryggen din..;)

Men no skal eg ete.

Håpar at alle har det bra der heime!

J.

1 Comments:

Blogger howardkline7778 said...

i thought your blog was cool and i think you may like this cool Website. now just Click Here

12:06 AM  

Post a Comment

<< Home