Transitt Oslo, Pondy neste

Så, no er det ikkje lenge igjen til eg forlate Oslo by til fordel for Pondicherry (Pondy) i India for å jobbe, studere og forske. Har så vidt begynt å tenkje på visum, reiseforsikring, billettar og ikkje minst reiserute.
Heldigvis skal Ken og Hanne hjelpe meg med dette denne veka, dei har vel vore i India ein 20 gongar til saman, og kjenner til nokon av avkrokane i India som er verdt å sjå.
Reiseruta er ein ting, pengane er ein anna sak, og tida. Kor mykje pengar og tid som vil gå for å besøke eit utval av plassar i dette gigantiske landet (det er ikkje utan grunn at dei kallar det eit "subkontinent") er det ingen som veit.
Men, som vanlig dumpar eg vel rett oppi noko fint til slutt, det pleier å ordne seg slik sett for meg. Heldigvis.
Vidare vil eg legge inn litt bilder og slikt her, og prøve å gje eit bilete av kva India er for meg.
Ein ting er sikkert. India er ambivalent. Først varmar det hjartet ditt. Før det stikk eit djupt sår i det som neppe vil gro med det første.
Så, no er bloggen påbegynt.


0 Comments:
Post a Comment
<< Home